Personvernerklæring
Gjeld for Link — eit system drive av Wergeland Gruppa A/S
Sist oppdatert: september 2026
1. Kven er behandlingsansvarleg?
Wergeland Gruppa A/S er behandlingsansvarleg for personopplysningar som vert
behandla i samband med drift av systemet Link.
2. Kva opplysningar vert samla inn?
- Brukarkontoar: namn, e-postadresse, firma og brukarrolle — registrert av administrator ved oppretting av konto.
- Innloggingsdata: brukarnamn og passord (lagra i kryptert form).
- Aktivitetslogg: kva brukar som har gjort kva i systemet (t.d. oppretta eller endra registreringar), med tidsstempel.
- Portregistrering (GateSystem): adgangskort-nummer, tidspunkt for innpassering og kva port som vart nytta.
- Besøksregistrering: namn og selskap på besøkande som registrerer seg via portskjerm eller QR-kode.
- Tekniske data: IP-adresse og nettlesardata (sjå punkt 5).
3. Kvifor samlar me inn opplysningane?
- Drift og administrasjon av havneoperasjonar og avfallsmottak.
- Tilgangskontroll og tryggleik på hamneområdet.
- Dokumentasjon og rapportering overfor myndigheiter (t.d. avfallsdirektivet).
- Faktureringsgrunnlag.
- Forbetring av systemet (statistikk og analyse).
Rettsleg grunnlag: oppfylling av avtale, rettslege forpliktingar og berettiga interesser (GDPR art. 6 b, c og f).
4. Kor lenge vert opplysningane lagra?
- Brukarkontoar: så lenge tilsettingstilhøvet eller det aktuelle kundeforholdet er aktivt, deretter sletta etter intern rutine.
- Portregistreringar og loggar: minimum 12 månader, med mindre lengre lagringstid krevst av lov.
- Rekneskapsdokumentasjon: 5 år i samsvar med bokføringslova.
5. Informasjonskapslar (cookies)
Systemet nyttar berre nødvendige informasjonskapslar for innlogging og sesjonsstyring.
Det vert ikkje nytta sporings- eller analyseverkty som sender data til tredjepartar.
6. Deling av opplysningar
Opplysningar vert ikkje selde eller leigde ut til tredjepartar.
Tilgang til systemet vert berre gjeve til personar med tentleg trong og med skriftleg avtale.
7. Dine rettar
Du har rett til å:
- få innsyn i kva opplysningar me har lagra om deg,
- krevja retting av uriktige opplysningar,
- krevja sletting av opplysningar me ikkje lenger har grunnlag for å lagra,
- reservera deg mot behandling basert på berettiga interesser,
- klaga til Datatilsynet (www.datatilsynet.no).
Ta kontakt på post@wergeland.com for å nytta rettane dine.
8. Endringar i erklæringa
Denne erklæringa kan verta oppdatert. Vesentlege endringar vert varsla til brukarar via systemet.